Om/kontakt

Fotograf: Renate Madsen

Eg heiter Anja Dahle Øverbye (1981), og eg er teikneserieteiknar, illustratør og kunstnar. Eg har gått eit år på Kunstskulen i Bergen og eg har ein BA (hons) i visuell kommunikasjon frå KIAD i England. Sidan eg var ferdig utdanna i 2006 har eg jobba både med eigne kunstprosjekt og illustrasjonsoppdrag, men dei siste åra har eg fokusert meir og meir på teikneserier. Min første teikneserieroman "Hundedagar" kom ut på Jippi Forlag i mai 2015, og den vant "Årets Tegneserie" under Oslo Comics Expo i 2016. I 2017 kom den ut på engelsk, og i 2019 kom den på fransk. Andreboka mi "Bergen" kom ut på Jippi Forlag i slutten av mai 2018, og den er oversatt til russisk (2019) og fransk (2020). i 2019 ga eg ut mi første billedbok, "Lykketanna" på det Norske Samlaget. No jobbar eg på min tredje teikneserieroman.
I 2016 var eg med å etablere Blokk forlag som satsar på teikneseriar, fanziner og artist books. 

Medlem av Tegnerforbundet og NBK.
Lyst til å kontakte meg? Send ein epost til anjadahle@gmail.com